Endrar ikkje fjordnamn

Statens kartverk ser ikkje nokon grunn til å gjere namneendringar i kartet over fjordområdet mellom Torvik og Ulstein.

Midnatsol  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Kartverket har gjort namnevurderinga etter innspel frå ein privatperson som hevdar det rette namnet på fjorden utfor Torvik er Steinsfjorden, og ikkje Bøfjorden slik det står i kartet. Men noko namneendring kjem ikkje til å bli gjort.