Moria-familie kan ende i Herøy

Norge skal ta imot 50 flyktningar frå Moria-leiren, som denne veka vart øydelagt av ein storbrann. Inntil sju av dei kan ende i Herøy.

Illustrasjonsfoto  Foto: iStock

Nyhende

Natt til onsdag vart flyktningleiren Moria på den greske øya Lesvos slukt av flammar. Leiren skal vere heilt øydelagt etter brannen. I etterkant av storbrannen har statsminister Erna Solberg stadfesta overfor NRK at Norge på grunn av situasjonen vil hente 50 flyktningar frå leiren allereie no.