Slutt for Fosnavåg Nyskapingspark:

Ber om ønske for framtidig tilbod

Tre år etter opninga er Fosnavåg Nyskapingspark avvikla. Næringslivssjefen i Havlandet ber no om innspel i arbeidet med utforminga av eit nytt gründer-tilbod.

FOS­NA­VÅG NY­SKA­PINGS­PARK: Ny­ska­pings­par­ken vart opna haus­ten 2017 i dei tid­le­ga­re Kalimera-lo­ka­la på Holmsild bryg­ge. Lo­ka­la vart nyt­ta av både grün­de­rar og til­set­te i kom­mu­nen, men 1. au­gust i år gjekk lei­ge­av­ta­la ut. Det til­bo­det som har vore fram til no vil ik­kje kome til­ba­ke, men Hav­lan­det AS har star­ta kar­leg­gin­ga for kor­leis eit fram­ti­dig grün­der-til­bod bør vere. 

Nyhende

Opphavleg var det Herøy næringsforum som hadde ein leigeavtale med Moen eigedom for lokala på Holmsild brygge. Denne gjekk ut allereie ved nyttår, men Herøy kommune har forlenga avtalen ved fleire høve i løpet av vinteren og våren. 1. august var det derimot over og ut for det som først og fremst har vore ein møteplass for gründerar, men seinare også kontorplass for tilsette i Herøy kommune. Før sommaren hadde også formannskapet nokre av sine møte i desse lokala.