Ventar med avklaring om leikeplass på Kvalsund

Nye bustadtomter skal sikre vidare folketalsvekst, og planane for utviding av Kvalsund Teige bustadfelt er no på det næraste klare.

KVALSUND: Resten av dyrkamarka mellom bustadfeltet og fylkesvegen på Kvalsund er regulert med 14 bustadtomter for småhus. 

Nyhende

Det meste er klart for korleis Kvalsund Teige bustadfelt skal utvidast. Planleggarane har likevel ikkje greidd å finne ei leikeplassløysing som både tiltakshavar og kommunen kan akseptere, og dette er framleis eit ope spørsmål i planforslaget som no er framlagt til politisk behandling.