Kongsberg Maritime med 200 millioners kontrakt for Rimfrost

Kongsberg Maritime melde torsdag morgon at selskapet har fått på plass ein kontrakt med krilselskapet Rimfrost.

Slik ser det nye, 120 meter lange krilfartøyet ut.   Foto: KONGSBERG MARITIME.

Nyhende

Kontrakten går ut på å levere skipsdesign og ein avansert, omfattande utstyrspakke til eit 120 meter langt, nytt og berekraftig krilfartøy, heiter det frå selskapet. Verdien på kontrakten er på rundt 200 millionar kroner og skipet vert bygd av Westcon. Etter planen skal det vere i drift i løpet av 2022.

– Dette er det einaste fartøyet i verda der både helsekost og kosttilskot blir produsert om bord umiddelbart etter fangst. Kort og omsynsfull prosessering bidreg til kvalitet, og vil hjelpe oss til å vidareutvikle produkt for menneske, dyr, oppdrettsfisk og for farmasøytisk bruk. Vi trur at skipet vil revolusjonere krilfiske i Antarktis.

Det seier Stig Remøy, administrerande direktør i Rimfrost, i børsmeldinga.


Inngår kontrakt med verftsgruppa Westcon

Stig Remøy sitt nye krilfartøy kostar over ein milliard

Det er no klart at krilselskapet til Stig Remøy, Rimfrost, inngår ei kontrakt med verftsgruppa Westcon om bygging av nytt krilfartøy til over ein milliard norske kroner.