Onsdag kveld inviterte Herøy KrF, Frp og Høgre til eit folkemøte på Fosnavåg konserthus. Målet deira var å samle seg i diskusjon om vegen vidare for den omstridde hamnesaka. Som kjent, leverte dei tre politiske partia som stod bak arrangementet tidlegare same dag ei underskriftskampanje og eit skriv der dei krev at saka vert handsama på nytt i kommunestyret. Møteleiar Tine Storøy var, i si innleiing på møtet, bastant på at det ikkje er snakk om nokon «omkamp».
Stortingspolitikarar forbausa over hamnevedtak, men …
Held døra på gløtt for hamnetilskotet
Under eit folkemøte i samband med Fosnavåg hamn-saka, kunne stortingspolitikarar i Høgre informere om at det kan vere mogleg å snu i hamnesaka og framleis få statleg draghjelp.
Forsamlinga: Folkemøtet engasjerte fleire. Med det vi hadde oversikt over, var det fleirtal av dei som var motstandarar av kommunestyrevedtaket.
Nyhende