Desse representerer Herøy i det nye forliksrådet

Nyhende

Ann Kathrin Storøy er vald som Herøy sin medlem i det nye forliksrådet som frå nyttår også skal omfatte Vanylven i tillegg til Sande. Storøy skal òg vere leiar av forliksrådet sidan ho representerer største kommunen. Olaug Andreassen og Ole-Kristoffer Nilsen blir Herøy sine varamedlemer. Torbjørn Hide, Oddbjørn Vinjevoll og Roar Skoglund blir møtefullmektigar.