Laber interesse for brøyting i Herøy

Fem har fått kontrakt på snøbrøyting for Herøy kommune komande vinter.

illustrasjon: Arkivfoto Trond Hovland. 

Nyhende

Snøbrøytinga i Herøy er inndelt i ni roder. Fire av rodene er det ingen som har meldt seg interesserte i for den komande brøytesesongen. For dei fem andre ønskjer kommunen å inngå kontrakt med desse tilbydarane: K. Voldnes (rode 1), C. N. Maskin (rode 3), B. Tarberg (rode 4), Bøe Maskin (rode 6) og Bjarne Kvalsvik (rode 8).