Køyrde 130 km/t i 80-sone i Herøy

Søre Sunnmøre tingrett.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Ein ung mann frå Hareidlandet er i Sunnmøre tingrett dømd for å ha køyrt med ei fart på 130 km/t i ei 80-sone i Herøy.

Køyringa fann stad 23. juni i år. Farta vart i retten forklart med at bilen framfor han køyrde veldig sakte. Farta vart også større enn han hadde trudd, opplyste han i retten. Han får 30 timars samfunnsstraff og mister førarkortet i 11 månader.