Bil av vegen ved Herøybrua i natt

Litt før klokka 2 natt til onsdag køyrde eit einsleg køyretøy av vegen ved Herøybrua. Tre personar var i bilen.
Nyhende

Det var fyrst meldt om store materielle skader, men etter politiet kom til staden og fekk sett nærare på hendinga konkluderte dei med at skadane var mindre på køyretøyet. To personar vart sjekka av ambulanse på staden.