Kvalfangstekspert vitjar Tjørvåg den komande helga:

Arrangøren: – Mange vil ha interesse av det

I regi av Arnfinn Karlsen og bedrifta hans, Polargodt AS, vert det den komande helga invitert til føredrag og kvalfangstkurs i Tjørvåg.

Arnfinn Karlsen: Her ser vi Arnfinn Karlsen med eit glas selolje. Den komande helga er det derimot kvalfangst tjørvågaren vil rette eit fokus mot. Fredag inviterer verksemda hans, Polargodt AS, til foredrag med kvalfangsteksperten Egil Ole Øen. Laurdag blir det i tillegg kurs i regi av Fiskeridirektoratet for skipperar, sjøfolk og elevar som skulle ha interesse for kvaljakt. Arkivfoto 

Nyhende

Karlsen har engasjert kvalfangstekspert, veterinær og forskar Egil Ole Øen, som vil dele av sin kunnskap. Han kjem til Tjørvåg bedehus fredag kveld, der han vil halde eit spennande og innhaldsrikt foredrag om kvalfangsttradisjonen. Øen er personen som har hatt ansvaret for å utvikle harpungranaten, som sikrar momentant avliving av kval.