Trond Arne Aglen svarar Herøy Høgre om hamne-omkamp

Herøy Høgre har bede om ei ny politisk handsaming av Fosnavåg Hamn-saka, då dei meiner grunnlaget for saka ikkje var godt nok då kommunestyre fatta vedtak. No svarar kommunedirektør Aglen på Høgre sitt ønskje om å halde tilbake kommunestyret sitt hamnevedtak.

Trond Arne Aglen: Arkivfoto.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

I sitt svar innleiar Trond Arne Aglen med å orientere om at vedtaket frå kommunestyret alt er ekspedert. Med andre ord er det såleis ikkje noko vedtak å «halde tilbake». Kystverket ved Jarle Strand blei orientert om vedtaket pr. mail 1. september og sjølve saka blei sendt pr. brev 3. september, ifølgje kommunedirektøren.