Heider og ære til sogelagsveteranar

ÆRESMEDLEMER: Steinar Åheim (til venstre) og Per Ståle Moltu vart utnemnde til æresmedlemmer i Herøy Sogelag på årsmøtet sist torsdag. Attåt gode ord og applaus fekk dei overrekt diplom laga av bildekunstnaren Marit Eiksund. Tidlegare er det berre Bjarne Rabben som har vore utnemnd til æresmedlem i sogelaget. 

Nyhende

Steinar Åheim og Per Ståle Moltu vart utnemnde til æresmedlemmer i Herøy Sogelag på årsmøtet sist torsdag. Begge har i ei årrekke gjort ein imponerande innsats for sogelaget, og dei fekk både diplom, gode ord og fortent applaus frå dei frammøtte.

Leiar i Herøy Sogelag, Johan Moltu overrekte diplomane og takka for arbeidet deira. Steinar Åheim har site i styret for Herøy Sogelag i 30 år, mesteparten av tida som både kasserar og sekretær. Han har hatt ansvaret for Herøykalenderen i over 10 år, han har vore redaktør for Folk og Fortid og han tok på seg store oppgåver i arbeidet med Herøybøkene. «Å arbeide saman med han var alltid ei glede! Steinar har sett solide spor etter seg i sogelagssamanheng» sa Johan Moltu.

Per Ståle Moltu kom med i sogelagsstyret i 2000. Han vart raskt engasjert i arbeidet med dei nye bygdebøkene «Heimar og Folk» og vart prosjektleiar for storsatsinga som vart fullført i 2014. «Per Ståle gjennomførte oppgåva med glans! Han var grundig, uthaldande, kunnskapsrik og respektfull mot alle han møtte» sa sogelagsleiaren m.a.

Johan Moltu vart attveld som leiar i Herøy Sogelag, og styremedlemmer elles er Sølvi Woldsund Myrhol, Nina Elisabeth Bøe, Johanne Moltu Lundberg og Jon Olav Kopperstad. Johan Sundnes er kommunen sin representant i styret.