Frårår ny vegløysing i Dragsund

Avd.leiar Ole Magne Rotevatn kan ikkje tilrå at Tømrer Prosjekt får endre vegtilkomsten til eit nytt tomteområde dei skal bygge ut i Dragsundråsa.

KONSEKVENSAR: Kommunen fryktar ei anna vegløysing enn den regulerte kan svekke grunnlaget for det nye kommunale bustadfeltet i Dragsund. 

Nyhende

Ønskjet om vegendring gjeld dei sørlegaste tomtene, som kommunen har regulert med vegtilkomst frå sør. Her har utbyggarane skissert ny vegtilkomst frå nord, men ei slik løysing fryktar Rotevatn vil få negative konsekvensar for utviklinga i området.