Thon Hotel Fosnavåg blant Norges aller beste

Nær ni tusen stemmer er talte opp, og resultatet er klart. Thon Hotel Fosnavåg kan skryte av å ha blitt røysta fram som eit av Norges beste hotell.

Direktøren: Det er langt frå første gong hotelldirektør Monica Bjørhovde har grunn til å smile over Thon Hotel Fosnavåg sine prestasjonar. Hotellet har allereie fleire gjeve prisar og kåringar bak seg. Arkivfoto: Josefine Spiro  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

I august bad Nettavisen sine lesarar om å nominere kandidatar til «Norges beste hotell 2020». Deretter laga dei ei avstemming basert på dei hotella som fekk flest nominasjonar.

Fredag publiserte Nettavisen resultatet og laga ei oversikt over dei 25 hotella i Norge med flest stemmer. Her ligg Thon Hotel Fosnavåg på ein imponerande 12.-plass.

- Eg vart veldig glad då eg såg det. Eg er så utruleg stolt av gjengen med tilsette som står på kvar dag for å sikre gjestane gode opplevingar, som igjen gjer at gjestar nominerer oss i slike kåringar, seier hotelldriektør Monica Bjørhovde i ein kommentar til Vestlandsnytt.

På lista ligg også fleire andre hotell frå vår region: Storfjord Hotel i Skodje (9.-plass), Hotel Union Øye i Ørsta (10.-plass), Alexandra i Loen i Stryn (11.-plass) og Hoel Union Geiranger Bad & Spa (21.-plass).

Førsteplassen er teken av Hotel Ullensvang i Hardanger, etterfølgd av Britannia Hotel i Trondheim (2.-plass) og Grand Hotel Flekkefjord (3.-plass).