Vil finansiere Havsul 1-rettssak gjennom spleiselag

Motvind Nordvest og «Runde mot Havsul 1» inviterer no folk til ein spleiseaksjon for å legge til rette for ein rettsleg prosess mot utbygginga av vindkraftanlegget Havsul 1.

Protest: Her ser vi aksjonsgruppa "Runde mot Havsul I" då dei demonstrerte mot vindkraftanlegget nyleg.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Saman med «Runde mot Havsul I» har Motvind Nordvest bestemt seg for å følge opp Stortingets samrøystes vedtak av 19. juni. I vedtaket har dei folkevalde bedt regjeringa «vurdere om behandlinga av gitte vindkraftkonsesjonar har følgt energilovgivinga og forvaltningslovens krav». Der det ligg føre lovstridige feil eller manglar, skal konsesjonane skrinleggast.

– Vi førebur no ein rettsleg prosess og vi vil bringe saka inn for domstolane, dersom regjeringa ved Olje- og energidepartementet stadfester NVEs grunnlause vedtak om forlenga frist for etableringa av Havsul I. Vi har god dialog med fiskeriorganisasjonar, fiskerinæring, havforskarar og ornitologar, og – vi har hatt førebuande samtalar med advokatar. Vi skal vere «Føre-var», skriv Motvind Nordvest og aksjonsgruppa på Runde i ein felles uttale.

Vidare er dei klare på at dei no forventar at Olje- og energiminister Tina Bru avviser konsesjonsforlenginga av Havsul I.


Fleire herøyværingar på Midsundkonferansen:

Alv Ottar Folkestad: – Havsulvedtak er i strid med lover og regelverk

Alv Ottar Folkestad kom med ein klar konklusjon som avslutning på sin presentasjon på Midsundkonferansen måndag. Dersom Havsul vert bygt etter føreliggande vedtak, er det i strid med krav etter Forvaltingslova og Naturmangfaldlova ( særleg §§ 8 og 49).


Spleis-aksjon

For å finansiere ein eventuell rettsleg prosess, har aksjonsgruppene no oppretta ein Spleis-aksjon. Innsamla midlar skal ifølgje dei nyttast til "oppfølging av Stortinget sitt vedtak, førebuing av rettsleg prosess og aktivitetar for å stanse utbygging av vindkraftanlegget."


Laurdag samla det seg ei stor folkemengd på Rundebranden for å uttrykke sin motstand mot eit omstridt vindkraftanlegg:

– Skal eg nokon gong leggje meg i lenkjer, må det bli her

Det sa fylkespolitikar Ingrid Opedal (SV) på Rundebranden då ho, stortingspolitikar Sylvi Listhaug (Frp) og fleire kritiske røyster laurdag tala mot etableringa av havvind-parken Havsul 1.


Kort om saka

Havsul I er eit planlagt vindkraftanlegg med botnfaste vindturbinar på mørekysten. Det som skapar konflikt er at anlegget hamnar midt i gytefeltet for fleire fiskeslag – også for ein av verdas største fiskebestandar, norsk vårgytande (NVG) sild. NVG-sild er ein enorm fiskebestand og matressurs av global betydning. På verdsbasis vert det fanga totalt ca. 100 millionar tonn fisk kvart år. På Mørekysten vert 1-2% av desse fødde, (1-2 millionar tonn) kvart einaste år. Dessutan meiner ornitologar at vindkraftparken kan kome til å bli fatal for fuglebestandane i området. Dei åtvarar om alvorlege konsekvensar i biologien.

Dei siste månadane har det lokalt vore aksjonert mot vindkraftanlegget fleire gongar.


Mot vindkraft i motvind på Runde:

- Håper det blir eit knalldyrt luftslott

Søndag ettermiddag samla eit hundretals vindkraftmotstandarar seg på Runde for å aksjonere mot vindkraftanlegget Havsul 1. Bodskapen kunne ikkje ha vore meir unison.