Sande vil ha Haugsholmen hamn gratis

HAUGSHOLMEN:   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Nok ein gong har formannskapet i Sande utsett spørsmålet om eit eventuelt kjøp av Kystverket si fiskerihamn på Haugsholmen. Tilbodet har vore på 250.000 kroner, men signala i formannskapet går ut på at kommunen her kan kjøpe seg ein ny vedlikehaldskostnad. Ein syner også til prosessar i nabokommunane der ein har signalisert ynskje om å få overdrege hamner gratis.


Positive signal frå grunneigarar på Haugsholmen fører til ...

Ny runde om fiskerihamna

Etter å ha fått positive signal om moglegheitene for eit tinglyst punktfeste på Haugsholmen verkar no døra å vere open igjen for Sande med tanke på kjøp av fiskerihamna på den historiske holmen.