Her er dei to første Havila-kystrutene sjøsett i Tyrkia

Dei to første av Havila Kystrutens fire nye kystruteskip er no komne på sjøen.

Tvilling-sjøsettinga av to skip på 6200 tonn kvar har vore banebrytande for Tersan. Sjølve arbeidet har teke fleire dagar, og for å få skipa til dokka har dei vorte frakta på 1600 hjul fordelt på 200 akslingar.   Foto: Havila Kystruten

Nyhende

Det kan Havila Kystruten informere om søndag morgon i ei pressemelding. Kystruteskipa Havila Castor og Havila Capella vart sjøsett på Tersan-verftet i Tyrkia laurdag. Administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, er sjølv i Tyrkia for å få med seg at skipa for første gong har saltvatn under kjølen. Han gler seg over å sjå skipa flyte og ser fram til å få dei i drift.

– Det skal bli godt å kome i gang med å gi både folk langs kysten og turistane trygg transport og miljøvenleg seglas på verdas vakraste kystreise, seier han i presseuttalen.

Ikkje klare til nyttår

Utfordringar knytt til koronapandemien, samt bygging av dei nye kystruteskipa som ikkje lenger vert bygde i Spania, gjer at dei to første skipa ikkje er klare til nyttår slik planen var opphavleg. Men Arild Myrvoll seier at med det ein veit no, ser det ut til at det kan bli levering i løpet av første kvartal 2021. For å få mest mogleg fortgang i byggeprosessen, trass i utfordringane med koronasituasjonen, har skipa vorte ståande på land i lenger tid enn vanleg. Slik har ein fått effektivisert fleire arbeidsoppgåver.

– Det gjer at arbeidet med skipa som no er sjøsette har kome langt på veg når det gjeld rør, maskinar, elektrisitet og innreiing, informerer Myrvoll.

På tyrkisk vis er det også slik at skipa ikkje vert mala før til slutt. Difor er bygginga kome lenger enn det kan sjå ut til, skriv selskapet.

Med LNG-framdrift og verdas største batteripakkar om bord, vert Havila Castor og Havila Capella dei mest miljøvenlege skipa på kystruta mellom Bergen og Kirkenes.   Foto: Havila Kystruten

Har fått på plass erstatningsfartøy

I påvente av dei nye skipa har Havila Kystruten fått godkjent to erstatningsfartøy, men etterspurnadssituasjonen på kystruta mellom Bergen og Kirkenes er for tida svært usikker, og behovet for kapasitet ved oppstart av ny kontrakt 1. januar 2021 er under evaluering, skriv Havila Kystruten.

God interesse

Koronapandemien og reiserestriksjonar påverkar heile reiselivsbransjen, og det gjer det vanskeleg også for Havila Kystruten å vere konkret om kva som skjer neste år.

– Men vi registrerer med glede at det er god interesse for Havila Kystruten frå reisebyrå og turoperatørar. Vi har stor etterspørsel og gler oss til å kome i drift, seier Arild Myrvoll.

Når dei nye skipa til Havila Kystruten er på plass, får reisande mellom Bergen og Kirkenes segle med skip som går på LNG som kuttar Co₂-utsleppa med 25 prosent mot tradisjonell framdrift, i tillegg til at skipa har verdas største batteripakkar. Det kan gi inntil fire timar seglas heilt utan utslepp og støy. Skipa har 179 romslege lugarar, og er utstyrte med norske møblar og interiør.