Gir medhald i klage på fellingsløyve

Gurskøy nordvest storvald får felle tre dyr meir enn valdet fekk i den opphavlege tildelinga av fellingsløyve for hjort.

Tid for jakt: Jakttida for hjort er 01.09. – 23.12. Jegerar vert bedne om å vise ekstra omsyn til kalvekoller, og sikre seg at eventuell kalv er felt før kolla vert forsøkt felt. Morsmjølka er ei viktig kjelde til næring for kalven, og han treng morsdyret både gjennom hausten og den etterfølgjande vinteren.  Foto: Johnny Larsen

Nyhende

Gurskøy nordvest storvald får skyte 30 hjortar under årets jakt. Endringa er gjort av utval for vilt, fiske og friluft etter ein klage på den fyrste tildelinga som var på tjue dyr.