Herøy formannskap vil leite fram gamle innspel, men også arrangere nytt folkemøte om byutvikling

Formannskapet vedtok denne veka å sette ned ei arbeidsgruppe som skal få fart på utviklinga av Fosnavåg. Dialog med innbyggarane blir sentralt.

FOR­MANN­SKA­PET: På grunn av ko­ro­na­rest­rik­sjo­na­ne må dei fol­ke­val­de fram­leis hal­de god av­stand, men dei samla seg i det mi­nste om å set­te ned ei ar­beids­grup­pe som skal job­be for by­ut­vik­ling i Fos­na­våg. 

Nyhende

– Vi må få sett ned ei gruppe som skal arbeide for at vi får inn innspel frå innbyggjarane. Det er ikkje noko nytt vi skal gjere, for vi gjorde akkurat det same i romjula. Då var tema heile Herøy, og korleis få ungdomane heim att. Denne gongen skal tema vere sentrumsutvikling.