Formannskapet i Sande vil ha meir fokus på samferdsel og reiseliv

I tråd med tidlegare signal i formannskapet blir det no sett ned ei eiga «trafikknemnd» i Sande som skal jobbe med uttalar og prosjekt.

Sande formannskap 1. september 2020: F.v. Anne Marte Beitveit (H)), Dag Vaagen (H), sekretær Tove Cathrine Kvamme, fungerande kommunedirektør Øystein Johansen, ordførar Olav Myklebust (Sp), varaordførar Einar Ekroll (Frp), Kari Ristesund (uavh.), Unny Haugen (Ap) og Arnljot Muren (Ap). 

Nyhende

Varaordførar Einar Ekroll (Frp) ser ut til å ta på seg leiarvervet for den nye nemnda. Innleiingsvis i debatten i formannskapet synte han fram protokollen frå den gamle trafikknemnda i Sande, eit hefte han hadde fått i handa av ein privatperson.