Dette er svaret frå Sande formannskap om gjerde-dispensasjon i Hallelia

Høgre ville gå i dialog med partane og mekle, men fleirtalet på fem i formannskapet seier nei til dispensasjon i den omtala gjerdesaka i Halllelia.

Geir Eide: Saksbehandlaren frå teknisk eining orienterte om det omstridde gjerdet i Hallelia bustadfelt. 

Nyhende

Det har vore ein del skriv att og fram frå kommunen til to grunneigarar i Hallelia bustadfelt om denne saka. Bakgrunnen er at naboane har felles avkøyrsle til sine hus. Så sette den eine naboen opp eit gjerde midt på den felles avkøyrsla, noko naboen protesterte mot.