Kultursamling på Fiskarheimen:

– Trengst meir samarbeid

Karin Flatøy Svarstad lanserte planar om kulturelt samarbeid både med andre regionar og over landegrensene. Då trengst det positive haldningar i alle ledd, sa kulturberaren under ei samling i Fiskarheimen sist helg.

Primus motor: Karin Flatøy Svarstad jobbar målbevisst for å få i gang eit samarbeid mellom Sande og kulturkrefter utanfrå, mellom anna med tanke på felles utveksling og meir aktivitet. På samlinga i Fiskarheimen sist laurdag oppmoda ho bygdefolket til å ta aktivt del, og utfordra også ordførar Olav Myklebust til å bli meir lagspelar i satsinga. 

Nyhende

Kultursamlinga i det gamle samlingshuset på Sandshamn var ein del av satsinga til Sviut, ei satsing som i 2020 naturleg nok har blitt litt hemma på grunn av koronaen. Men mykje har skjedd, og meir skal skje.