Vil ikkje ha Sandebukta fiskerihamn om ein må betale

Herøy kommunestyre seier ja til overtaking av Sandebukta fiskerihamn vederlagsfritt, men å betale for hamna er heilt uaktuelt.

San­de­buk­ta: Her­øy kom­mu­nestyre har bestemt at ein skal ta over hamna, men berre om ein får ho gratis. 

Nyhende

Det vart konklusjonen etter at berre 12 av dei 33 kommunestyrerepresentantane røysta for Folkelista og Senterpartiet sitt tilleggsforslag om at kommunen skal gå i forhandlingar om å kjøpe hamna, om ein ikkje lukkast å ta over hamna vederlagsfritt. Prisen på hamna ville i så tilfelle ha vore på 150.000 kroner.