17-16 for skrinlegging av Fosnavåg hamn-prosjektet

Kommunestyret gjorde torsdag kveld endeleg vedtak om å skrinlegge utdjupinga av Fosnavåg hamn. Men det vart jamt.

FRÅ RØYSTINGA: Dei ståande gjekk inn for å skrinlegge prosjektet, medan dei sittande var mellom dei som ville realisere prosjektet.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Til slutt røysta alle representantane frå KrF og Frp for prosjektet, medan Ap, Sp og Folkelista var klart mot prosjektet. Høgre delte seg i to, og det vart til slutt avgjerande for den lenge debatterte saka.