Koronatesten var "falsk positiv"

Den utanlandske arbeidaren ved Havyard-verftet i Leirvik som testa positivt for koronaviruset har no avlagt ein negativ test.

Havyard Leirvik: Ein tilsett ved ein underleverandør til verftet testa først positivt, men deretter negativt for koronaviruset.   Foto: Arkiv/David Zadig

Nyhende

Fredag melde Havyard at ein tilsett ved ein av underleverandørane til New Havyard Ship Technology hadde testa positivt for koronaviruset.


Første koronatilfelle ved Havyard-verft

Ein tilsett ved ein av underleverandørane til New Havyard Ship Technology har testa positivt for koronaviruset. Meldinga kjem dagen etter at Ulstein verft kunngjorde at ein tilreisande arbeidar har fått påvist viruset.


Måndag ettermiddag viser det seg at personen likevel ikkje var smitta av koronaviruset.

– Vedkomande har no testa negativt på re-test og det viser seg at første test var ein "falsk positiv" for COVID-19, opplyser Havyard i ei pressemelding.

Havyard skriv vidare at vedkomande vil bli sittande isolasjonstida ut, og må følge isolasjonsreglane for å vere på den sikre sida.

– Alle som er definert som nærkontakt må sitte i karantene til karanteneperioden har utløpt. Dette i samsvar med Folkehelseinstituttets (FHI) anbefaling, heiter det avslutningsvis.