Desse oppgraderingane skal kyrkjene på Larsnes og Sande gjennom

Larsnes kyrkje står no framfor ei vesentleg ansiktslyfting, der bygdefolket stiller på dugnad.

Larsnes kyrkje: Her er det no på gang eit utbetringsarbeid der kommunen spanderer fleire nye vindauge, listverk og bordkledning. Det skal også gjennomførast ein del dugnad i samband med oppgraderinga.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

«Kyrkja ho er eit gamalt hus, stend om enn tårni mun falla», heiter det i ein gamal salme. No skal i alle fall sandssokningane hindre at noko fell saman, og vil syte for at bygningane får seg eit etterlengta lyft.