Første koronatilfelle ved Havyard-verft

Ein tilsett ved ein av underleverandørane til New Havyard Ship Technology har testa positivt for koronaviruset. Meldinga kjem dagen etter at Ulstein verft kunngjorde at ein tilreisande arbeidar har fått påvist viruset.

Havyard Leirvik: Ein tilsett ved ein underleverandør til verftet har testa positivt for koronaviruset.  Foto: Arkiv/David Zadig

Nyhende

Smittetilfellet knyter seg til Havyard-verftet i Leirvik i Hyllestad kommune. Den tilsette kom reisande frå Polen, og vart testa ved ankomst Flesland (Bergen lufthamn) onsdag.

- Personen er sett i isolasjon. Vedkomande har ingen symptom, og skal testast på nytt i dag. To personar har vore i nærkontakt med vedkomande, og er i samsvar til rutine sett i karantene, heiter det i ei pressemelding frå Havyard fredag.

Totalt er 51 personar sett i karantene i Hyllestad - 49 av dei etter føre-var-prinsippet då det er usikkert om dei har vore i nærkontakt med vedkomande eller ikkje, opplyser verftet.

Det blir no fulgt strenge rutinar ved verftet for å hindre vidare smittespreiing. Smittesporinga starta torsdag, og held fram fredag.

Smittetilfelle ved Ulstein verft

Torsdag ettermiddag vart det elles kjent at ein tilreisande arbeidar ved Ulstein verft hadde testa positiv for covid-19. Vedkomande kom i følgje med to andre på måndag og dei har vore i karantene sidan ankomst, opplyser verftet.

Dei melder elles at alle i reisefølget no vert haldne isolerte, saman med to andre kollegaer som kom søndag.