96 fyrsteklassingar byrja på skule i Herøy denne veka, 20 i Sande:

Slik møter elevane i Herøy og Sande ein annleis skulestart

I år er det 96 spente fyrsteklassingar som har byrja på skulen i Herøy. I Sande er talet 20. No ventar eit år med læring, nye opplevingar og, sjølvsagt, smittevern.

Kommunalsjef Oppvekst i Herøy: Sølvi Lillebø Remøy seier samarbeidet med smittevernoverlegen går godt. Arkivfoto  Foto: Arkiv

Nyhende

– Dei 96 fordeler seg over alle skulekrinsane og størst oppgang ser vi på Nerlandsøy skule. I ytre har vi eit nokså stabilt elevtal, medan det i indre har gått noko ned. Det er likevel ikkje snakk om stor nedgang, han er forventa i tråd med mindre tilflytting og arbeidsinnvandring til kommunen, seier kommunalsjef oppvekst Sølvi Lillebø Remøy til Vestlandsnytt.