Leiar:

"Utan nye idear stoppar utviklinga"

Anders Almestad Merethe Flusund Fosnavåg hamn 

Nyhende

Dei siste dagane har eit spenstig utspel i Fosnavåg fått mykje merksemd. «Vågalt» er arbeidstittelen på prosjektet med å lage ei ny halvøy på indre hamn i vågen. Mange har umiddelbart dømt ideen nord og ned. «Øydelegging av den fine vågen vår». «1. april no i august?». «Galskap», er nokre av karakteristikkane tankane til shippingsklubben har fått.

Underteikna skal vedgå at «Vågalt» ved første augekast ser ut til å representere ei enorm beslaglegging av godt sjøareal på indre hamn. Men kanskje kan prosjektet modne litt før det vert felt ein dom over det. Det er uansett ikkje endeleg, ferdigspikra planar som ligg på bordet. Skulle det bli realisert, må det pussast på, og det skal høyrast av fleire instansar. Ein må sjølvsagt ta omsyn til den aktivitet som er på sjø og land på indre hamn frå før, noko shippingklubben også signaliserer at prosjektet skal ta høgde for.

Alle samfunn treng nye idear og ei viss fart over utviklinga. Nokre idear blir verkelegheit, nokre stoppar opp, andre kan gje seg utslag i andre og gode løysingar. I Fosnavåg og Herøy har det i alle fall ikkje mangla på kreativitet og oppfinnsamheit. Snart kjem det bru over til den nye minibydelen Vågsholmen. Småbyen har også Sunnmørsbadet, i tillegg til stort, nytt hotell og konserthus. Dei hadde aldri vore realiserte utan initiativ (og pengar) frå det private næringslivet. Enkelte var skeptiske også til desse tiltaka.

Mjølstaneset og den store aktiviteten der hadde heller ikkje kome utan sterkt privat engasjement, sjølvsagt saman med det offentlege. Når vi er inne på Mjølstaneset: Kvifor kan det ikkje kome ein serveringsstad i dette området? Alt treng – eller rettare sagt bør – ikkje vere som det alltid har vore. Då blir det bom stopp.