Bygdefolket helste Gabriele velkomen i rute

Også på Sandshamn vanka det gratulasjonar og helsingar til Cruise Service, som har starta opp ny snøggbåtrute på søre luten.

Gåve og ein liten tale: Bjørn Thore Hansen (t.v.) takka Cruise Service på vegner av bygdefolket. Matros Nicolay Sunde tok i mot på vegner av reiarlag og mannskap på snøggbåten.  Foto: SVIUT

Nyhende

Den nye ruta frå Ålesund til Stad, med stoppestadar i Fosnavåg og på Sandshamn undervegs, hadde sin første dag i ordinær rute torsdag.

Sandsøyfolket troppa opp på almenningskaia på Sandshamna.   Foto: SVIUT

I Fosnavåg var det stor stas på kaia då snøggbåten hadde sitt første anløp torsdag. Av praktiske omstende hadde sandsøyingane lagt si velkomsthelsing til Gabriele sitt anløp fredag.

"Gabrielle" vart tatt imot av ein stor... kylling.  Foto: SVIUT

Cruise Service er no i gang med båtrutetrafikken mellom Ålesund og Stad:

- Det er no vi må vise oss fram

Torsdag gjekk startskotet for Cruise Service si nye hurtigbåtrute mellom Ålesund og Stad, med anløp til både Fosnavåg og Sandshamn. Fleire møtte opp for å ønske båten velkommen då han la til kai i Fosnavåg.


- Her var det stor stas med norske flagg og jubelrop. På vegner av bygdefolket spanderte Sviut (Sandsøy og Voksa i utvikling, red mrk) blomster og sjokolade på gjengen i Cruise Service, seier Bjørn Thore Hansen til Vestlandsnytt.

Bedrifter som Coop, Sandefisk og Rosenlund Hamn var også med på seansen, der ein uttrykte takksemd for at Sandshamn er ei av kaiene som har fast anløp frå snøggbåten.

Hansen fortel at det har vekt "ei viss undring" lokalt at ikkje Sande kommune har dukka opp for å helse nyeruta velkomen. Men han reknar med kommunen vil møte opp etter kvart, for å syne litt offisiell begeistring for den nye ruta.