Foto: Josefine Spiro

Muralistane i Ura

No har betongveggen i Ura fått farge – og det er barn og unge som står bak.

Kunst. Det er det dei lagar, barna og ungdomane som Vestlandsnytt møter heilt inntil den enorme muren i Ura i Fosnavåg. Vi ser konsentrasjonen i ansikta deira i det dei let penslane fare presist over den ru, impregnerte overflata.

På andre sida av vegen ligg lokala til den nystarta verksemda «Kunstmaskina». Dei har fått leige kjellaren i Voldnes-bygget. Her deltek 11 barn i alderen 8–14 år på muralkurs for aller første gong.

I prosessen: Barna har allereie øva seg på papir. No er tida komen for å måle på plater. Her går dei saman to og to, og får såleis også øvd seg på å samarbeide.   Foto: Kunstmaskina

Ivrige: Kursets to yngste deltakarar, Emma Sandanger (8) og Mie Abelone (8).  Foto: Kunstmaskina

To av dei er tvillingane Ingrid og Andrea Gjerde (11). Dei kikar berre så vidt opp frå arbeidet på veggen då Vestlandsnytt får dei i tale.

– Det morosamaste vi gjer på kurset er det vi held på med nå – å måle på muren og sjå korleis det blir. Men det er litt skummelt at alle som går forbi kan sjå, synest søstrene.

Dei er glade i å teikne, og dei bruker mykje tid på det på fritida, men dette er ein annan form for kunst. Noko lærdom kan dei likevel ta med seg vidare til teiknebøkene:

– Vi har mellom anna lært så legge skugge, seier Ingrid.

Ingrid Gjerde (11) (bildet) og tvillingsystera Andrea likar godt å teikne på fritida. Muralmåling har dei elles aldri prøvd før. Det er gøy, synest dei.   Foto: Josefine Spiro

Galakse: Filip Onen (13) køyrer ein litt annan stil og har måla eit galakse-mottiv med natt og dag. - Eg har henta inspirasjon på YouTube, fortel han.  Foto: Josefine Spiro

Johannes Hovden Remøy.  Foto: Josefine Spiro


Inspirert av historia og havet

På den første dagen av kurset fekk Kunstmaskina besøk av Robert Voldnes frå Herøy kystlag som fortalde historier frå Fosnavåg, og Guri Aasen i Vestafor Måne fortalde legender frå havet. Meininga var å inspirere barna til å tenkje ut passande motiv. Det verka akkurat slik kurshaldarane, Anita Reite Onen og Joanna Pawliczuk hadde tenkt.

– Barna er så fantasifulle og kreative! Bilda er veldig representative for Fosnavåg. Desse muralveggane kjem til å gi liv til gata her og forandre heil plassen, smiler Joanna.

Kursdeltakarane har brukt nokre dagar på førebuing med teikning og måling på på papir og plater før dei gjekk laus på den store veggen.

– Dette er veldig spennande. Vi ser at det engasjerer dei å måle på ein ny måte, seier Anita.

Dette motivet på plate er måla av Daniel Onen (12) og Johannes .  Foto: Josefine Spiro

Abstrakt: Michelle Leine (14) og Zuzanna Pawliczuk (12) målar abstrakt, men samtidig litt figurativt, for oppå her kjem eit fiskemotiv.  Foto: Josefine Spiro


Det blir meir

Kunstmaskina planlegg fleire muralkurs for barn, slik at dekorasjonane kan halde fram med å spreie seg utover veggen. Aktiviteten er sjølvsagt godkjend av grunneigar.

– Vi vil gjerne halde fleire slike kurs, og andre også, men då vert det kanskje over lengre periodar med frekvens på éin gong i veka. For vaksne vil vi køyre vanleg målekurs, seier Anita.

Instruktørane: Anita Reite Onen og Joanna Pawliczuk i Kunstmaskina.  Foto: Josefine Spiro

Duoen ønskjer dessutan å arrangere verkstadar.

– Då kan vi skape eit lite miljø der folk kan få vere kreative i lag og på den måten kanskje inspirere kvarandre, seier Anita.

Nesten ferdig: Slik såg veggen ut laurdag ettermiddag. Frå venstre: Anita Reite Onen (instruktør), Joanna Pawliczuk (instruktør), Emma Sandanger (8), Zuzanna Pawliczuk (12), Ingrid Gjerde (11), Andrea Gjerde (11), Johannes Hovden Remøy og Daniel Onen (12).