Innskjerpa koronareglar for besøk

Sande kommune har allereie innført karantenetid for besøkande ved Sandetun omsorgssenter.

Må vente: Folk som har vore utanlands må vente i ti dagar før dei kan besøke nære pårørande ved Sandetun.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Med bakgrunn i enda smittesituasjon nasjonalt har Sande kommue justert retningslinjene for besøk til pasientar ved Sandetun omsorgssenter. Dette gjeld særleg for besøkande som har vore i utlandet, opplyser kommunen på heimesida.

Etter dei nye retningslinjene skal personar som har vore i utlandet vente i ti dagar etter heimkomst før dei kan kome på besøk til pasentar ved Sandetun. Dette gjeld både frå raude og grøne land.

Elles gjeld reglane om at tid for besøk må avtalast med den aktuelle avdelinga, og at det berre er nære pårørande som får kome på besøk.

Meir om retningslinjene på kommune si heimeside.