Siste om koronasituasjonen i Sande:

Resultatet til den utanlandske arbeidaren er klart

Samtlege ti som tysdag blei sette i isolasjon i Sande, er no ute igjen.
Nyhende

Det kan smittevernoverlegen opplyse etter at koronatesten av den utanlandske arbeidaren, som blei innlagd på sjukehus, kom ut med negativt resultat. Asta Sileikiene legg til at forslaget hennar om å innføre lokal karantene, likevel vil bli framlagt når kriseteamt i kommunen skal ha møte torsdag.

– Eg er glad testen var negativ, men dette endrar ikkje mitt generelle syn på behovet for karantene, understrekar ho.


Vil ha innført karantene også frå grøne land

Sande kommune bør snarast innføre karantene for folk som kjem frå utlandet sjølv om det i dag er grøne land. Det same bør nabokommunane.