Bergsøy Fotball:

Inviterer til Tussa Sommar Camp

11.–13. august går Tussa Sommar Camp av stabelen på Havila Stadion.

Aktivt og sosialt: Her ser vi eit bildeglimt frå ein annan camp i Bergsøy-regi: BergHansen Haust Camp i 2018.  Foto: Konstanse Torgersen Nærø

Nyhende

– Campen er for alle jenter og gutar i alderen 7–12 år, også dei som ikkje er medlem i Bergsøy IL-Fotball, opplyser klubben.

Campen, som er blitt arrangert i ei årrekkje, men som har skifta namn litt etter kva for sponsorar klubben får med på laget, har tradisjonelt blitt arrangert i byrjinga av i skuleferien. Årsaka til at han no er blitt utsett til august er sjølvsagt den pågåande koronapandemien.

– No har vi akkurat fått klarsignal om at alle slike campar for barn, enten det gjeld rideskule, fotball eller anna idrett, kan bli arrangerte sjølv om barna kjem frå ulike bygder eller kohortar. Det viktige er at dei held seg i dei gruppene dei vert delte inn i på leiren, seier fysisk trenar Konstanse Torgersen Nærø i Bergsøy IL-Fotball.

Fysisk trenar Konstanse Torgersen Nærø i Bergsøy Fotball  Foto: Terje Grønmyr

Det er ho som står for organiseringa av campen og alt det sportslege innhaldet, medan Franjo Tepuric og Magnus Myklebust skal vere faste instruktørar. Etter behov, vil dei også ha med A-lagsspelarar og ungdomstrenarar frå klubben som instruktørar.

Ikkje berre fotball

På campen, som tidlegare hatt alt frå 25 til 100 påmelde, får barna spele lagspel i den grad det let seg gjere, i tillegg til annan fysisk aktivitet som styrketrening, balanse og koordinasjonsløype.

– Vi veit aldri heilt korleis vi kan legge opp ein camp før vi får alle påmeldingane og ser kor mange som kjem og kva aldersspennet på deltakarane blir, seier Nærø.

I tillegg til den sportslege moroa, står Bergsøy Fotball for frukt og smoothie til dei påmelde, og det blir giveaways frå Tussa.

Viktig at folk held fristen

Påmeldingsfristen for dei som vil vere med på Tussa Sommar Camp er førstkomande fredag.

– Det er viktig at folk held denne fristen, for om vi ikkje får nok påmelde, må vi kanskje avlyse, og om folk melder seg på i etterkant, kan vi ikkje garantere at dei får plass. Dette er særs viktig no i korona-tida, slik at vi får lagt opp gruppene på ein god og sikker måte når vi skal leggje kabalen i helga, understrekar Konstanse Torgersen Nærø.