Vil ha innført karantene også frå grøne land

Sande kommune bør snarast innføre karantene for folk som kjem frå utlandet sjølv om det i dag er grøne land. Det same bør nabokommunane.

frå alle land: Kommuneoverlege Asta Sileikiene vil ha innført lokal karantene i Sande og nabokommunane, og fekk i dag (tysdag) stadfesta kvifor det kan vere så viktig med karantene også frå land som i dag er grøne. 

Nyhende

Denne tilrådinga er det kommuneoverlege Asta Sileikiene som kjem med når mange utanlandske arbeidarar no skal tilbake til Norge etter ferie- opphald i heimlandet. Sileikiene meiner eit karantenevedtak ikkje berre må gjelde raudlista land, men også land som etter dei nasjonale retningslinjene framleis er grøne.