Koronasmitte på Olympic-skip

Ein arbeidar om bord på Subsea-skipet Olympic Electra er satt i isolasjon etter å ha testa positivt for Covid-19.

Olympic Electra: Ein arbeidar om bord i Subsea-skipet har testa positivt Covid-19. Alle om bord er sett i karantene.  Foto: Olympic.no

Nyhende

Totalt 32 personar skal ha blitt sette i karantene på skipet, som for tida ligg til kai i Mekjarvik.

Det skriv Stavanger Aftenblad og E24.

Verken den smitta, som skal ha kome frå Filippinane, eller dei andre om bord i skipet skal hatt symptom, og testinga skal ha skjedd rutinemessig i samband med mannskapsskifte.

– Selskapet har følgt dei prosedyrane dei har. Dersom nokon om bord får symptom, vil det følgje ein ny prosedyre med nye tiltak. Til dømes kan karantenen bli utvida, seier kommuneoverlege Ole Bernt Lenning i Randaberg til E24.