Trond Aglen på sin fyrste dag som kommunedirektør i Herøy:

– Dei gode åra er forbi

– Den store jobben i Herøy blir heilt klart å bidra til å balansere kommuneøkonomien, seier Trond Aglen som måndag hadde sin fyrste dag som kommunedirektør i Herøy.

velkomen: Med eingongshanskar kunne ordførar Bjørn Prytz og kommunedirektør Trond Aglen gi kvarandre eit skikkeleg handtrykk på rådhustrappa i Fosnavåg månda føremiddag. Varaordførar Bjarne Kvalsvik var òg med då Aglen hadde sin fyrste arbeidsdag i Herøy. 

Nyhende

Etter eit par veker fri frå rådmannsjobben i Sande, er Aglen spenna klar til ta fatt på dei nye utfordringane som ligg og ventar på han i Herøy. Nokre av dei større sakene har politikarane lagt i bero i påvente av leiarskiftet, og Aglen legg ikkje skjul på at han gler seg til å kome i gang med å leie administrasjonen i ein spennande kommune.