Mottak også i Stokksund:

Litt konkurranse om makrellen

Det er duka for ein aldri så liten konkurranse om makrellen når også Marine Sales i Stokksund skal drive mottak denne sommaren.

Makrell Håvard Kjelsli er ein av tre makrellfiskarar som har avtale om levering til Marine Sales i Stokksund. Tysdag kunne han levere 5-600 kilo som var fiska i området Kvitneset – Sulesund.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Medan Fosnavåg Pelagic til no har vore den einaste kjøparen av dorgemakrell på Søre Sunnmøre, har no også Marine Sales i Stokksund etablert eit mottak som dorgarane kan levere til.