Fann bilen vandalisert:

- Folk er ikkje riktige lenger

Ingenting var stole, men både Robin Almestad sin bil og trucken ved sida av var fullstendig vandalisert.
Nyhende

Torsdag morgon fekk Robin Almestad servert den lite hyggelege meldinga om at nokon hadde gått laus på bilen hans som stod parkert ved røykeriet på Nærøya. Mellom anna var nær alle vindauga knuste. Det same gjaldt trucken ved sida av.

- Folk er ikkje riktige lenger. Det må ha skjedd i natt, for han som eig røykeriet var der til i går kveld, seier Almestad.

  Foto: Privat

Torsdag ettermiddag publiserte Almestad ei melding på Facebook, der han spurde om nokon hadde sett folk nede ved Nærøya om natta.

- vi hadde håpa at nokon i nærleiken hadde hatt overvakingskamera, men det er ikkje lov å overvake naboar, seier Almestad.

Forholdet er meldt til politiet. Tips i saka kan rettast dit.

  Foto: Privat