Skal undersøke skadeverket vidare

Politiet tek opp at skadeverk-saka ved YHU. Kommunen har videoopptak.

YHU: Ska­de­verk ved sku­le­slutt har ut­vik­la seg til ein uhel­dig tra­di­sjon. 

Nyhende

I eit brev frå politiet vart Herøy kommune i byrjinga av juli orientert om at skadeverk-saka ved Ytre Herøy ungdomsskule var lagt vekk, då politiet ikkje hadde klart å finne dei ansvarlege for tilgrisinga av skulen i samband med skuleavslutninga i juni. Dette var også omtala i førre vekes Vestlandsnytt.

Eigedomsleiar Robert Myklebust i Herøy kommune kan derimot opplyse om at saka no er tatt opp att.

– Vi har eit videoopptak av dei involverte, som vi etter vekklegginga av saka har delt med politiet. Vi bad i den anledning om at saka vart tatt opp att, noko dei no har gjort, forklarer Myklebust overfor Vestlandsnytt.