Turistboom i Herøy:

– Dette har vore den beste juli sidan hotellet opna

Fullbooka hotell, stappfull bubilpark og ei sentrumsnæring i fyr og flamme. Ein slik juli har vi kanskje aldri sett i Fosnavåg.

Turistar i Fosnavåg: Familien Grimstad Kirkeby er i Fosnavåg for å ete på Restaurant Fosnavåg Brygge («Bryggen»). Frå venstre: Ragnar, Gunnhild (opphavleg frå Hareid), Lina (9), Odin (19), Randi Grimstad frå Hareid og Ingrid (16).  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Parken i Fosnavåg, tysdag 28. juli kl. 14.57: Det grå skydekket har måtte vike for ein klynge bomullsdotter på himmelen over Klatreparken. To unge gutar og ei småjente leiker seg på stativa, medan ein einsleg bubil står parkert på den nye, svarte asfalten ved sida av alt det grøne.