Politiet ber jegerar liggje unna alkoholen

I ein ny informasjonsfoldar om jakt og rus oppmodar politiet jaktleiarar til å snakke med jaktlaget om rus før start, og unngå blanding av alkohol og våpen.

Dette er ikkje greitt før jakt. Der er heller ikkje eitt glas øl, ifølgje politiet.  Foto: Illustrasjonsfoto: piqsels.com

Nyhende

– Vin og ein «Vonsup» til maten, øl på natta, jegerdram før start og så ein «Dotsup», blir det ramsa opp i brosjyren frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet minner om at verken våpen eller køyretøy skal handterast med promille, og heller ikkje i bakrus.

– Ein kald øl på post kan vel ikkje skade? Jo, for du treng å vere årvaken! Avgjerdsevna di skal vere på topp i det du trekkjer av, skriv politiet.

Brosjyren gjennomgår òg straffereaksjonane ein kan vente seg dersom våpenlova og viltlova blir broten, både bøter og fengsel. I tillegg har brosjyren fokus på våpentryggleik.