16-åringar kan bli nøydt til å reise til Ålesund for å ta motorsykkellappen

Kritiske til nytt kuttforslag

Om du skal sikre deg motorsykkellappen i framtida kan du bli nøydt til å reise heile vegen til Ålesund. Tilbodet i Ørsta er føreslått fjerna i ny kuttrunde.

OLES TRA­FIKK­SKU­LE: Tra­fikk­sku­len med lo­ka­le på Myklebust har pla­nar om å byr­je med mo­tor­syk­kel­opp­læ­ring nes­te år. – Då er det in­gen for­del at ele­va­ne må til Åle­sund for å ta fø­rar­prø­va, sei­er leiar Ole Hjel­le.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Om dette forslaget går gjennom vil det bli vanskelegare for alle som skal ta motorsykkellappen. Det er ingen tvil om at det er meir utfordrande når ein må ta med seg sykkel på ferja og reise heile vegen til Ålesund, kontra om ein kan køyre landfast til Ørsta.