Havila Harmony klar for tre år i Brasil

Havila Shipping har inngått ein tre år lang avtale med OceanPact Netherlands B.V for Havila Harmony.

Havila Harmony  Foto: Havila

Nyhende

Kontrakten er av typen bareboat, noko som vil seie at det berre er sjølve båten som blir leigd ut. Leigetakaren må sjølv stå for mannskap og drift av subsea-fartøyet.

Oppstart av kontrakten er i løpet av fjerde kvartal 2020, og i avtalen ligg ei mogleg forlenging med ytterlegare eitt år, heiter det i meldinga frå reiarlaget fredag.

Havila Harmony vil før oppstart bli tilpassa tekniske krav, og gjennomføre vedlikehald i samsvar med klassekrava.

92,95 meter lange og 19,7 meter breie Havila Harmony vart overlevert frå Havyard-verftet i Leirvik i 2005. I båten er det plass til eit mannskap på 86 personar.