Bakevener med utandørs kafe

1729 kroner er komne på konto til SOS Barnebyer etter utekafeen som tre bakevener rigga seg til med i Stokksund. Dei fekk god avsetning på varene sine.

Bakevener: Med heimesnikra disk og heimebaka kaker, baud Herman, Iris og Louisa inn til utekafe i Stokksund. 

Nyhende

Herman, Iris og Louisa fortel at dei samla saman nokre gamle pallar og fjøler, og vipss så hadde dei ein disk og var klare til servering.

Fyrste dagen med heimebaka rosinbollar, sjokoladekake, kaffi og saft blei så vellukka at dei bestemte seg for å ha ope ein dag til. Då var det sveler og brownies som stod på menyen.

Dei tre bakevene var sjølvsagt påpasseleg med koronatiltak og heldt seg innafor retningslinene både når det galdt antibac og avstand mellom kafegjestene.

Besøk: Det gjekk unna med kaker og kaffi, og smittevernreglane blei følgde av dei unge kafeverftane i Stokksund.