Ein time med opphald på Basseneset

Vêret gjorde at dei måtte avlyse i fjor, men i år fekk kvamsøyingane gjennomført utegudstenesta si.

Utegudsteneste: Før pøsregnet kom og jaga forsamlinga innandørs.  Foto: Arne Werkland

Nyhende

– Vi fekk ein time med opphald mellom regnbygene, og dermed gjekk det så akkurat, fortel Arne Werkland som har knipsa bildet frå sist søndags gudsteneste i det fri på Basseneset på Kvamsøya.

Vel tretti personar møtte fram til gudstenesta som var eit fellestiltak for Sande og Åram. Dei fleste hadde med seg campingstolar og sat godt sessa medan sokneprest Sigmund Bjerkvik gjennomførte den fyrste gudstenesta som har vore halden på denne «utestaden».

Under open himmel gjekk songen lett til akkompagnement frå dei tre storblåstarane Bjørn Støylen, Magne Støylen og Johs Kvamme.

Då pøsregnet kom var presten ferdig, og den etterfylgjande kyrkjekaffien blei servert i eit feriehus i nærleiken av gudstenesteplassen.

Komande søndag er det duka for den meir tradisjonelle friluftsgudstenesta ved Skogevatnet, som er ei årleg hending på kyrkjekalenderen i Sande.

– I år skal vi også ha barnedåp ved Skogevatnet, så då er det berre å håpe på godt vêr, seier Bjerkvik.