Daniel og fyrlyktene

Alle som har ferdast langs kysten kjenner til det godt utbygde fyr- og merkesystemet som vi har. Men ein mann var ikkje heilt nøgd, og eit framlegg frå akkurat han skulle endre fyrlyktene langs heile kysten.

Innsikt: Daniel Vestnes hadde god innsikt og såg i 1973 ei løysing som ingen andre hadde sett. Det endra fyrlyktene langs heile kysten.  Foto: Utlånt av Arthur Vestnes

Nyhende

Daniel Vestnes var fødd på Kvamsøya i 1917. Han var fiskar og skipper og hadde også eigen båt som heitte «Alsegg». Dei siste åra hadde han ein mindre båt som heitte «Flipper».