Håper på meir pengar til kondemnering av skip:

Vil ha vrakpant for offshorefartøy

Maritimt Forum Nordvest meiner etableringa av Green Yard Kleven aktualiserer kravet om ei vrakpantordning for offshore- skip.

Kondemnering: Kravet om ei vrakpantordning er aktualisert etter at Green Yard tok over Kleven Verft og signaliserte at kondemnering av skip vil bli eitt av segmenta som nye Kleven skal satse på.  Foto: Per Eide

Nyhende

– Vi meiner det er grunn til å håpe at det i ein ny krisepakke for maritim næring til hausten, kan kome meir pengar til ei slik kondemneringsordning, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd Matitimt Forum Nordvest.

Ingjerd legg til grunn at kondemnering av skip vil bli eitt av segmenta som nye Kleven satsar på. I offshoresegmentet vil ordninga bidra til betre balanse i eit marknad med overkapasitet, i tillegg til at det vil gi store miljgevinstar.

Politiske diskusjonar

Medan regjeringa la inn 75 millionar kroner til ei kondemneringsordning for skip i revidert nasjonalbudsjett tiltenkt nærskipsfarten, har Frp ønskt ei generell vrakpantordning for skip og riggar. Arbeiderpartiet vil bruke 200 millionar kroner til kondemnering av skip, og SV har sagt at dei vil ha ei ordning for miljøvenleg resirkulering av utrangerte fartøy og riggar.

– Andre parti har også diskutert det same utan å ha konkludert, seier Ingjerd, som meiner ordninga bør omfatte skip som har vore norskeigde i meir enn tolv månader, uavhengig av flagg, og omfatte offshoreskip.

Berekraftig på sikt

Koronakrisa har ført prisen på skrapstål ned på eit botnnivå, og skraping av utrangerte fartøy blir neppe god butikk verken for offshorereiarlaga eller verfta. Men ei vrakpantordning vil ifylgje Ingjerd på sikt kunne utvikle ein berekraftig skipsskrapingsindustri i Norge.

– På sikt vil ei vrakpantordning bidra til å bygge opp både kompetanse og ein marknad for resirkulering av skip i Norge, og i tillegg stimulere til flåtefornying av moderne klimavenlege fartøy, seier han.

Må ikkje bli selde ut av landet

Ingjerd viser til dei mange offshorefartøya som har lege i opplag sidan oljekrisa og som har begynt å bli eit aukande miljøproblem. Maritimt Forum Nordvest meiner det er avgjerande at desse fartøya ikkje blir selde til utlandet som har lågare HMS-standard enn Norge.

– Difor håper vi på ei vrakpantordning til hausten som kan gi store miljøgevinstar, seier han.

Håper: Arnfinn Ingjerd håper på ein ny krisepakke til hausten med meir pengar til kondemnering av skip.