Gode opplevingar kvar einaste dag på Herøy

Regn og låge temperaturar spelar inga rolle – trivselen er stor hos både dei lokale og turistane som besøker Herøy Kystmuseum denne sommaren.

VEL­KO­MEN: Kvar einaste dag fram til 30. au­gust er Marie Runde og Leonard Rab­ben el­ler det andre skif­tet (Anna Sævik Nærø og Jar­dar Dahlstrøm) kla­re for å ta deg med på om­vi­sing rundt om­kring på Her­øy Kyst­mu­se­um. Her­øy kom­mu­ne har fått til eit bra opp­legg på den his­to­ris­ke øya den­ne som­ma­ren.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– I dag har det faktisk vore ganske mykje folk her. Det ser ikkje ut som turistane bryr seg om regnet, seier Marie Runde og Leonard Rabben då lokalavisa tek turen innom Herøy Kystmuseum på ein litt regntung tysdag.